DMD merke

De Musikalske Dvergene

Pressen skriver

Dato: 30.07.2008
Kilde: Firdaposten - Anbefales!

De Musikalske Dvergene
«(Uten store ord)»

 

Tittelen på denne plata er synonymt med De Musikalske Dvergene, dei har eigentleg aldri gjort så mykje av seg. Men gjer det likevel. Det er sjeldan eit norskspråkleg band treff spikaren så ettertrykkeleg på hovudet både musikalsk og tekstmessig.

Roald Hansen

Og meir enn nokon gong slår det meg at gruppa med brørne Grønhaug i spissen let som Grateful Dead sjølv om dei er meir elektriske og tunge i uttrykket enn det dei nokon gong var, og om ikkje det er eit kompliment, så veit ikkje eg.

Årets utgjeving er ei plate i god Dvergene-tradisjon, sterke låtar, underfundige tekstar; Marianne er nok ein gong attende, om enn i ei noko vondsinna versjon, vi får vere med på fisketur og fest (”Eg Kom Her For Å Feste” er ein coverversjon av ein Tony Joe White-låt opphavleg spelt inn av Levon Helm på sistnemndes plate frå 1978, og vi får også vite det vi alltid har visst: Kaffi er for karar.

At karane ikkje har dårleg tid skjønar ein når deira første plate med nytt originalt materiale på 14 år blei realitet fordi plateselskapet maste på dei. 14 år er ganske lang tid, men kortare enn du skulle tru. Fann nyleg ut at det var 14 år sia eg var på Noregs beste platesjappe, Apollon i Bergen. Kvifor veit eg ikkje (det har sikkert noko med Internett å gjere), men det skal ikkje gå 14 år før eg stikk innom der igjen¿

Og som vanleg har Erling Gjelsvik skrive ein liten epistel i coveret om sitt forhold til Dvergene sjølv om han denne gongen nesten har gitt opp, det vil seie gitt opp å vere formanande. Han satsar denne gongen på hets i staden. Til tider ustyrteleg morosamt med kravet om fem glas vatn som ein del av rideren i samband med spelejobbar som høgdepunkt.

Reint avslutningsvis vil eg berre komme med ei betraktning, eg lurer på om gutane denne gongen har prøvd å lage ei forsiktig utgåve av Pets Sounds eller Sergeant Pepper, men latt vere undervegs. Her er i alle fall lydar og arrangement enkelte stader på denne plata eg aldri har høyrt på ei Dvergene-plate tidlegare.